Archive for July, 2009

Roskilde festivalen over for i år

Ja, då er Roskilde ‘09 offisielt over. Putsj har vendt attende til Noreg, og vi heldt no på å gjere intervjua klare for dykk, slik at de kan lese dei i neste nummer. Festivalen var spekka av god musikk, klimafokus, god stemning og fint vêr. Iløpet av veka vi tilbrakte i telt, har har ca 15000 skrive under for å få ein rettferdig klimaavtale i København i desember, og desse vart søndag overlevert til Danmarks klima- og energiminisert Connie Hedegaard. Vi i Putsj er trist for at veka er over, men gler oss til å få intervjua i fiks ferdig og trykka opp. Festivalen har gjort eit godt arbeid med sine klimatiltak, og mismodig er det, at vi aldri fekk tid til å bruke det sykkeldrevne pariserhjulet - der ein sjølv sykla for å gi energi til at hjulet skulle gå rundt. Likevel er vi nøgd med det vi har fått ut av reisa, og håpar dykk alle er spente på neste nummer av Putsj.

Medan vi ventar paa regnet…

Her i Danmark ventar vi paa regnbyger, dog ikkje i like stor skala som det regnveret som ramma Austlandet i gaar. Vi har hatt varme opp mot 30 grader gjennom heile veka, og litt regn skal vi ikkje klage over (men forhaapentlegvis saa slepp vi det, for vaate klede og vaate telt er sjeldan artig). Dagen i gaar vakte stor glede blandt festivalens deltakarar, og store namn som Faith No More, Nick Cave and the Bad Seeds, Oasis og Nine Inch Nails var hogdepunkt paa Orange Scene. I dag er vi klare for ein salig blanding av musikksjangre, daa baade Haakan Hellstrom, Gogol Bordello, Lily Allen, Klovner i Kamp, Slipknot og sist, men ikkje minst, gode gamle Pet Shop Boys staar paa speleplanen.

Som dei fleste kanskje har faatt med seg, saa har Roskilde festival eit stort fokus paa klima og baerekraftig forvaltning, og i den forbindig donerer dei 300 000 dkk til eit prosjekt som skal undersoke den globale kampen om Afrika sine naturressurser. Les meir her.

Fortsatt sommar og musikk i Danmark

I gaar starta konsertane og sjoelve festivalomraadet opna. Medan vi traska forbi tomme scener og kunne skue dei siste foerebuingane, paa veg til intervju med Katzenjammer, venta alle dei tusen festivaldeltagarane i spenning. Torsdag var dagen for baade Kanye West, Social Distortion, Volbeat, Mew, og ikkje minst Katzenjammer. Sistnemde tok seg altsaa tid til aa slaa av ein prat med Putsj.

Paa festivalomraadet er det ikkje berre musikk som teller, her er det ogsaa haugeveis med handleboder, matboder og til og med eit pariserhjul. Ved eine scena er det laga eit heilt eige okologisk omraade, der all mat og drikke er fullstendig okologisk. Samstundes som festivalomraadet har miljofokus, skjer det ogsaa stadig ulike aktivitetar paa miljocampen for aa setje fokus paa klima. Nokre av tinga ein kan gjere, er aa skrive ein miljobodskap paa ein ballong, eller hoyre paa foredrag om klima - i gaar var tema vindkraft. Elles fortsett innsamlinga av underskrifter for ein rettferdig klimaavtale, og etter gaarsdagen hadde antalet steget til nesten 13 000.

Folg med for vidare oppdateringar om intervju, konsertar og klima.

Sommer, musikk og miljo

Daa har mediabyen paa Roskilde festival endeleg opna, og Putsj sine utsendingar er klare for fyrste oppdatering av aarets festival. Det er idag den fjerde og siste oppvarmingsdagen, og i morgon brakar det laus med konsertar. Til tross for at desse dagane berre har vore oppvarming, har vi allereie klart aa oppleve mykje moro og intervjua det fyrste bandet, Kvelertak fraa Stavanger.

Det heile starta laurdag kveld, daa Putsj med fleir ankom festivalomraadet, og vi oppdaga at vi rett og slett ikkje kunne sjekke inn for morgonen etter. Dette resulterte i overnatting utanfor omradet, med pafolgande leiting etter pressecampen (som vi forovrig ikkje fann foer i dag).

Det var dog ikkje ei stor skuffing og ende paa den vanlege campen med resten av festivalgjengarane, for her har vi eit heilt omraade som er dedikert til klima. Bl.a. har vi mogelegheit til aa sykle for aa lade opp mobilen, faa gratis vask av klede om vi vaskar paa 30 gradar, det vert seld okologisk mat og ein kan skrive under for at vi maa faa ein slagkraftig klimaavtale i Kobenhavn i desember. Ved opptelling av underskrifter tirsdag, var talet allreie godt over 4000. I tillegg til alt dette, var det paa forehand mogeleg aa gjere saa kalla “green footsteps” og faa reservert teltplass paa miljocampen. Nokre av desse grone fotstega er aa ta tog til festivalen, sortere avfall, bruke “gron straum” og mykje meir. Om dette ikkje var nok, saa er det ogsaa mogeleg aa bytte kleda sine, om ein skulle gaa lei av festivalantrekka sine. Alt i alt ser det ut til at Roskilde har tatt klimatrusselen paa alvor, og vi i Putsj haapar at festivaldeltakarane tek denne kunnskapen med seg heim ved slutten av veka.

I gaarkveld entra Kvelertak scena, og gjorde det dei meiner er deira beste konsert nokon sinne. Vi i Putsj har snakka med dei i dag, og er snart klar for aa dele intervjuet med dykk. Det vi kan roepe allereie, er at dei lova aa stikke innom miljocampen, i tillegg til at dei skulle vurdere aa melde seg inn i Natur og Ungdom. I morgon staar intervju med Katzenjammer paa agendaen, og vi gler oss til aa dele vaare opplevingar med dykk.

Roskilde festival samlar opp mot 100 000 unge og gamle, og Putsj forstaar godt at dette er ein oase for aa samle underskrifter for eit oljefritt Lofoten og Vesteraalen. Samstundes ser vi sjansen til aa verve nye medlem til NU. Saa dagens oppfordring til dykk der heime, er aa springe ut i sommervaeret og gjere som oss - gjere Natur og Ungdom til ein stoerre, sterkare og meir slagkraftig organisasjon.

Folg med for vidare oppdateringar fraa Danmark og musikklivet paa festival!