Putsj logo

Et magasin for unge om

Søk
Close this search box.
Søk
Close this search box.
Søk
Close this search box.

Miljøaktivist og artist Hilja (21) mottar stipend på 30 000 kroner

Norsk Viseforum sitt artiststipend skal løfte fram ein ny, norsk artist som signaliserer og utfordrar korleis songlyrikken er aktuell i 2020. I dag vart vinnaren av Norsk Viseforum sitt artiststipend for 2020 lansert – og mottakaren blant over hundre søknadar er Hilja Løvvik (21) – og kjent under artistnamnet Hilja.
TEKST
JANNICKE TOTLAND

“Intenst og personlig uten å bli pretensiøst eller påtrengende.”

Tydleg bodskap om klima og miljø 

 I ei pressemelding frå Norsk Viseforum står det at Hilja skriv låtar om jordkloten, klimaangst og håp, og om å vekse opp i ei verd i krise. Hilja er frå Oslo og har skrive sine eigne låtar sidan ho var 14 år gamal. Eit utval av desse har ho lagt ut som sjølvproduserte demoar på nettet.

I pressemeldinga skildrar Norsk Viseforum låta «Spor på isen» som: «en sval og iørefallende låt om menneskeheten som har tatt seg vann over hodet». Vidare står det at det musikalske uttrykket kan skildrast å vera ein stad mellom melodisk visesong og klangfylt jazzpop, og «sender tankene til artister som Siri Nilsen og Kate Bush». Hilja skriv tekstar på både engelsk og norsk, gjerne i same song. 

I april kom den første offisielle singelen, «I don’t cry for myself anymore», og debutalbumet som er eit konseptalbum om vatn, klima og miljø – er under produksjon.

Hilja har tidligere vært aktiv i fylkesstyret til Oslo Natur og Ungdom. Nå kjemper hun klimakampen gjennom egen musikk. 

Modent og originalt uttrykk

I tildelinga bestod juryen av Erling Ramskjell (tidlegare kjent som Æ), artist og låtskrivar i bandet Likholmen med meir, Emilie Sofie Olsen, artist, låtskrivar og styremedlem i Norsk Viseforum i tillegg til Jørund Fluge Samuelsen, som er musikar, låtskrivar og produsent i Audioskop.

I grunngjevinga skriv juryen:

«Hilja har et modent og originalt uttrykk, med stort musikalsk overskudd både som vokalist, komponist og tekstforfatter. Hun har god kontroll på virkemidlene hun trenger for å oppnå det juryen oppfatter som hennes viktigste hensikt med sangene; nemlig å uttrykke seg om det hun synes er viktig få sagt noe om. Intenst og personlig uten å bli pretensiøst eller påtrengende.»

Sjølv seier Hilja Løvvik om tildelinga: 

– Det er utrolig gøy å få tildelt Norsk Viseforum sitt artiststipend, og en sånn anerkjennelse av mitt kunstneriske prosjekt. Låtene mine har et tydelig budskap om klima og miljø, og jeg syns det er bra at Norsk Viseforum har lyst til å være med å støtte formidlingen av det budskapet. Stipendet kommer veldig godt med i innspillingen av albumet. Også gleder jeg meg helt sykt mye til å dra på turné!

Som vinnar av stipendet får Hilja altså 30.000 kroner til produksjon av eigen musikk og oppfølgjing av mentor gjennom musikknettverket MØST. I tillegg til dette inneber satsinga frå Norsk Viseforum og ein turné med ho på visescenar i Noreg. Spelestader og datoar blir lansert til hausten.

Del saken:

Et magasin for unge om 
miljø, kultur og aktivisme