På veg mot ei sjette masseutrydding

Ulike pattedyr, fiskar, fuglar og insekt blir utrydda 1000 gongar raskare enn naturleg, og ti gongar raskare enn tidlegare trudd. Denne nedgongen i artsmangfald indikerer at me er på veg inn i ei sjette masseutryddinga av artar i verdas historie. Kva er årsakene til dette og kva må bli gjort for å avgrense det? 

Tekst

Jannicke Totland

Jannicke jobber som studentsekretær i Natur og Ungdom, og er fast skribent i Putsj.

Illustrasjon

Magnus Ruud

Avrenning av gjødsel har skapt 400 dødsoner i havet i tillegg til at plastforureining har blitt tidobla sidan 1980. Ikkje nok med det blir 400 millionar tonn industriavfall dumpa i elvar, sjø og hav kvart einaste år, og mindre enn 20 prosent av avløpsvatn blir reinsa. 

Masseutrydding er eit omgrep som refererer til tider og episodar i jordas historie der ei stor del av artane på jorda har blitt borte og planeten har blitt forandra for alltid. I alt har det vore fem masseutryddingar i jordas historie, og sist gong det skjedde noko liknande var for 65 millionar år sidan, då dinosaurane døydde ut. Årsaka til dette er usikkert, men mange forskarar trur det kan vera ein kominasjon av eit meteornedslag på Yucatán-halvøya og eit utbrot av ein supervulkan i India. 

Me er på veg mot ei sjette masseutrydding, men forskjellen denne gongen at det ikkje er ein meteoritt eller ein vulkan som står bak - det er oss sjølve. 

I fjor la FNs naturpanel fram tilstandsrapporten sin om verdas natur. Rapporten viser at  menneskeleg aktivitet no er årsaka til at heile 1 million av verdas totalt 8 millionar kjente dyr og planteartar er i ferd med å bli utrydda. Det svarer til eit tempo mellom ti og hundre tusen gongar fortare enn nokon tidlegare! Ingen veit kva konsekvensar det vil få, men det som er heilt sikker er at om me endar opp med ei masseutrydding vil jorda aldri bli den same. I følgje FN sin rapport er det fem hovudårsaker til dette. Av desse har dei to første historisk sett hatt størst påverknad på artsmangfaldet. Medan dei tre siste har mindre, men stadig større påverknad: 


1. Endra arealbruk

Naturlege økosystem har vorte redusert med 50 prosent dei siste femti åra som eit resultat av overfiske i havet i tillegg til skogbruk, landbruk, og gruvedrift på land. Som ein konsekvens av dette har ein halv million artar av den grunn ikkje nok habitat for å overleve over tid. For å illustrere er årsaker til dette: 

  • 75 prosent av alle landområde har anten blitt dekka av betong, oversvømt i demningar, lagt om til åkrar eller er på ein annan måte blitt betydelig omforma. 

  • Over 66 prosent av havområda har blitt endra av oppdrettsanlegg, undervassgruver, shippingruter eller andre prosjekt. 

  • 83 prosent av våtmark har forsvunne sidan 1700-talet. 

  • 75 prosent av elvar og innsjøar blir brukt til avlingar eller dyrehald.  

  • Berre 3 prosent av havområder er fri frå menneskeleg påverknad.  

2. Direkte utnytting av organismar

Rovdrift på dyre- og planteartar skjer stadig oftare samstundes som at talet på menneske i verda stig. Faktisk har befolkninga på verdsbasis blitt dobla sidan 1970. Ein annan avgjerande faktor er at 25 prosent av dei isfrie landområda i verda er beitemark der avlingar bruker 12 prosent av landområdet. I tillegg til dette vart 33 prosent av fiskeressursane i havet fiska over bærekraftig nivå i 2015. 


3. Klimaendringar

Den globale temperaturaukinga påverkar naturen på både genetisk nivå og økosystem nivå, og det vil få enda større konsekvensar i løpet av dei neste tiåra. I følgje rapporten vil klimaendringar i enkelte regionar bli den viktigaste årsaka til at artar blir utrydda i framtida.


4. Forureining

Avrenning av gjødsel har skapt 400 dødsoner i havet i tillegg til at plastforureining har blitt tidobla sidan 1980. Ikkje nok med det blir 400 millionar tonn industriavfall dumpa i elvar, sjø og hav kvart einaste år, og mindre enn 20 prosent av avløpsvatn blir reinsa. 


5. Spreiing av framande, skadelege artar til nye område 

Når me introduserer nye artar kan dei utkonkurrere lokale artar eller bere med seg sjukdommar. Døme på dette i Noreg er brunskogsniglen, rynkerosa, sitkagrana og lakseparasitten Gyrodactylus salaris som har blitt store, og ikkje minst dyre, miljøproblem. Framande artar kostar samfunnet opp mot fire milliarder kroner årleg berre i Noreg.


Er det håp? 

At me er på veg mot ei sjette masseutrydding, betyr at me ikkje er der enno. I praksis, betyr det at det faktisk er mykje me kan gjere for å unngå det. Rapporten til naturpanelet slår fast at utviklinga har gått så langt at det er umogleg å nå FN sine bærekraftmål, og dei internasjonale Aichi-måla for naturmangfald i 2020. Likevel kan ein klare å redusere tapet av artsmangfald mot 2030, men det krev store omleggingar og tiltak som går langt inn i dei økonomiske systema våre. For å klare det må ein gjere inngripande endringar i verdiar og målsettingar. Tidsaspektet er vanskeleg, men det er snakk om få menneskegenerasjonar før me vil sjå alvorlege konsekvensar. Altså er det ikkje særleg mykje tid. Og sidan tidsperioden er såpass kort, må me gjere drastiske tiltak. 


Løysingane er krevjande, men dei finst

Av tiltak, er det ifølge rapporten til FN sitt naturpanel, ikkje nok å opprette beskytta områder som nasjonalparkar eller reservat. Andre døme på nødvendige tiltak er meir samarbeid mellom sektorar, adressering av befolkningsvekst og ulikt forbruksnivå, fokus på byplanlegging og grøn infrastruktur i tillegg til betre arealforvalting og restaurering av natur. Vidare, er det nødvendig å fjerne skadelege subsidiar, minimere materialutvinning og avfall, internasjonal handel må ta kostnadene av miljøkonsekvensane og me treng å styrke sertifiseringar som sikrar etisk og bærekraftig produksjon. Sist, men ikkje minst, må dei verkelege kostnadene av produksjon og forbruk, til dømes straff for å forureine, bli innprenta i lovverk og forskrifter. Rapporten er og klar på at ein må auke støtta til urfolk og lokale grupper. Dette er fordi dei negative naturkonsekvensane i område som er forvalta av desse gruppene er mindre eller fråverande, samanlikna med andre område påverka av mennesker. Dessutan må rettigheitene, kunnskapen og verdien til urfolk og lokalsamfunn bli anerkjent i større grad enn i dag.


Elendig krisehandtering

Slik situasjonen er i dag er me foreløpig eit stykke i frå ei sjette masseutrydding, men trenden me er på i dag bør ikkje bli forlenga. Det er måten me lev på og inngrepa me gjer i naturen som har skulda. Men det er og me menneske som kan vera løysinga og har makt til å snu den destruktive utviklinga. Om ein ser på kva tiltak som blir gjort i dag er det klart at det ikkje blir gjort i nærleiken nok for å avgrense det store tapet av artsmangfaldet. Dette er sjølv om ein nasjonalt og internasjonalt arbeider saman for å ta vare på artar, naturmangfald og økosystem – eit arbeid som skjer på mange arenaer, med ambisiøse mål om arbeid for bevaring og forsking. Og her i Noreg er det ikkje nok å løyva ressursar til frivillig skogvern og gje pengar til å redde regnskogen i andre land. Regjeringa må jobbe mykje meir med å sikre artsmangfaldet, og ein må begynne å vise teikn til faktisk handling framfor store ord og lovnader - både nasjonalt og globalt. Her ligg det og eit særleg ansvar hjå individet. Små inngrep i naturen kan føre til store øydeleggingar over tid. Sjølv om det og blir gjort mykje bra, blir det ikkje gjort nok i lys av konsekvensane. 1 million av verdas totalt 8 millionar kjente dyr og planteartar er i ferd med å bli utrydda. Snakk om elendig krisehandtering!

Tema, Masseutryddelse, dyreliv, planet, Klima, Miljø